Quantcast
Viewing latest article 3
Browse Latest Browse All 9

Putt vekk verbet putta

Lite å gjera i sommarvarmen? Putt sann, det er berre å flakka verdsveven, det. Det finst mange artige vevsider her, og det er mange som putter mykje spennande innhald på dei. Eg veit ikkje kor spennande mitt eige innhald er, men eg har putta alt i arkivet, om du har lyst å sjå. Nett no held eg på å laga meg mat, som eg skal putta i matholet mitt snart. Men medan eg venter på at maten skal verta ferdig, tenkte eg at eg måtte putta ein ny post i vevloggen. Denne posten skal handla om verbet å putta, som du kanskje ser.

I vår laga eg ein plakat for SmiN. Eg fekk kritikk for å ha skrive at «bokmålet vert putta på museum». Kritikken gjekk ikkje på sjølve påstanden, men på at eg nytta det overnemnte verbet i staden for andre verb som å setja, leggja, kasta eller liknande. Eg har gruvla på dette, og tykkjer i grunn at kritikken eg fekk var heilt rett. Verbet putta tek nemleg over for desse andre verba.

Det heiter ikkje «å putta noko ut på veven», men «å leggja noko ut på veven». Det heiter ikkje «å putta noko i søpla», men «å kasta noko i søpla». Det heiter ikkje «å putta inn eit komma i setninga», men «å setja inn eit komma i setninga». Det heiter ikkje «å putta hendene i lomma», men «å stikka hendene i lomma». Ordboka er fulle av gode verb, så det skal ikkje vera noka grunn til å ikkje variera litt.

Ikkje misforstå meg, eg tykkjer verbet putta i seg sjølv er heilt greit, trass i at det kjem frå engelske «to put». Det eg ikkje liker, er at språket vert strippa for andre verb til fordel for dette. Eg vil heller ha leggja, kasta, setja og stikka i staden for berre putta. Daglegspråket får ikkje berre færre ord, men det vert også færre nyansar i det. Når du seier at du skal leggja noko ein stad, så talar du ikkje berre om handlinga, men også (det forventa) resultatet av handlinga. Når du legg noko der, så ligg det. Det står ikkje, det svever ikkje, det rullar ikkje – det ligg! Gjer du same handlinga med verbet putta, kan ikkje lesaren vita kva resultatet er. For alt me veit, kan noko som er putta ein stad, trilla vidare etter at du har putta det. Eller kva med å setja? Når du har sat noko ein stad, så sit det der. Det ligg ikkje og det dansar ikkje – det sit! Verbet kasta seier noko om rørsla til tingen. Du veit ikkje kvar tingen hamnar, av di du let gravitasjonskrafta syta for den siste delen av handlinga. Verbet stikka seier òg noko om rørsla. Du fører tingen inn i noko eller gjennom noko.

Å putta seier ingen av dette. Språket vert altså både tom for ord og fattig på meining. Eit ord- og meiningsfattig språk er eit keisamt språk, og difor vil eg no verbet putta til livs. Så putt hiv det i søpla, og putt set inn andre verb inn i staden!


Viewing latest article 3
Browse Latest Browse All 9