Ikkje la namnet narra deg, semikolon er ikkje eit halvkolon av noko slag. I det siste har eg sett mange som nyttar semikolon som ein mellomting mellom komma og kolon. Dette er feil! Semikolon i ordboka:
skiljeteikn som merkjer ut ein kortare stogg enn punktum, men lengre enn komma; skiljeteiknet ;
Så der har me det. Semikolon er ein mellomting mellom komma og punktum, og skal nyttast såleis. I dei fleste tilfella er det jamvel meir enn godt nok med eit punktum.